Back to All Events

Agnes Hvizdalek

  • Cornerteateret 4 Kong Christian Frederiks Plass Bergen, Vestland, 5006 Norway (map)

Agnes Hvizdalek er improvisasjonsmusikar, vokalist og komponist som frå tidleg av har vore oppteken av eksperimentell musikk. Gjennom musikk utforskar ho samspelet mellom intuisjon og refleksjon, mellom individet, det kollektive og omverda. 

KUPP
KUPP er Music Norway og Norsk Komponistforeningens talentutviklingsprogram for unge, lovande komponistar under 35 år. Det består av kursing, nettverkssamlingar og gjennom programmet får komponistane i oppdrag å komponera for eit ensemble.

I den anleiing har Agnes Hvizdalek komponert musikk som vil bli framført av eit knippe musikarar frå BIT20 Ensemble.

Det nye verket tek utgangspunkt i røysta som instrument og utforskar korleis ein eksperimentell tilnærming til komposisjon påverkar den kreative prosessen, materialval og musikalsk form. Ho har brukt opptak frå si eige røyst som visar akustiske fenomen ho er oppteken av og som på ulike måtar er innarbeida i verket, i tett dialog med musikarane.

Dobbeltkonsert
Agnes Hvizdalek sitt nye verk vil bli framført saman med dei nyskrive komposisjonene til årets GLIMT! – Skape deltakarar.

Jon Behncke trompet
Marija Kadovic harpe
Jarle Rotevatn piano
Thorolf Thuestad elektronikk

Arena Cornerteateret
Tid
14. juni
Konsert
20.00 - 21.00
Q&A med Hvizdalek 21.15

Earlier Event: June 10
Fløytefestivalen: Ingela Øien
Later Event: June 14
GLIMT! – Skape#4