Trerettars på Marinehagen
Kom og nyt ein trerettars på Marinehagen når kunstnarisk leiar for BIT20 Ensemble, Bjarni Frímann, losar publikum gjennom ein ny minifestival.
Opplev BIT20 Ensemble i sitt rette element - i eit bygg langs kanalen som snart skal rivast. Ta på dine blå, semska sko og besøk Marinehagen medan det framleis står.
BIT20 Ensemble gjer det dei kan best - speler musikk du ikkje visste du kom til å lika.
Mellom slaga kan du nyta ein palette cleanser, før Elvis tek på seg drakta.
Me lovar dinner and a show – einaste kriterium er kvalitet.
“Middag med Godfrey” stiller med tamilsk trerettars (vegetar) til den nette sum av 200 kroner. Du kan velga om du vil kjøpa billett med eller utan mat.
Moyka & BIT20 Ensemble
Opplev den alternative popartisten og produsenten Moyka i ei uventa setting. Ho skildrar seg sjølv som ei norsk popheks og dei siste åra har ho vore synleg på klubbscenar i Europa. Denne kvelden gjer ho ei gjesteopptreden på konserten til BIT20 Ensemble.
Du vil og knyta kjennskap til komponistane William Byrd, Aphex Twin, Nico Muhly, Iannis Xenakis, Nina Fukuoka og fleire.
Program
Nico Muhly Two motets
Iannis Xenakis Thallein
Bastien David Six chansons laissées sans voix
Pause
Nina Fukuoka Polka is a Czech Dance
Tom Johnson Failing
Nico Muhly Time Stands Still (Med Moyka)
Michael Daugherty Dead Elvis
Aphex Twin / David Horne Disintegrations
Pause
Edgard Varése Octandre
Nico Muhly Two motets
Moyka As Long as You’re Here
Moyka I Don’t Wanna Hold On
Moyka Fluorescent
Moyka Let Me Know
Moyka Perfect Movie Scene
Moyka 24/7
På scena
Bjarni Frímann Dirigent
BIT20 Ensemble
Moyka
Arena Marinehagen
Dato 31. oktober
Konsertstart 19:30
Dørene opnar klokka 19:00
Det vert to pausar. Rekk du ikkje klokka 19:30, er du velkomen både klokka 20:30 og klokka 21:30

