Opplev det fantastiske orgelet!
Visste du at orgelet er verdas største instrument og vert omtalt som «Dronningas instrument»? No har du moglegheita til å oppleva det heilt tett på.
Den 20. september vert Skjold kyrkje fylt opp av aktivitetar for barn og vaksne som har lyst til å læra meir om det majestetiske instrumentet.
Gjennom interaktive installasjoner kan du utforska orgelet sin mekanikk og klang. Det vert minikonsertar, orgelbygging og anledning til å prøvespela det store instrumentet. Du kan til og med stikka hovudet inn i den massive konstruksjonen – medan det vert spelt på.
BIT20 Ensemble tek med sine to unike musikkverktøy, appen BITWaves og trommemaskinen BITBox. Opplev korleis det høyrest ut når ein trommemaskin møter orgelet, og form lyden av våpenhuset med kreative lydmanipulasjonar.
Arena Skjold kyrkje
Dato 20. september
Drop-in Mellom klokka 11.00 og 15.00
Alt er gratis og passar for barn frå 5 år og oppover i følge med vaksen.
Vår hyggelege kafé held opent med noko godt å bita i.
I samarbeid med Bergen kirkeautunnale og Skjold kyrkje