Back to All Events

Borealis x BIT20 Ensemble

  • BIT20 Ensemble Bergen Internasjonale Kultursenter Kong Oscars gate 15 Bergen (map)

Søte skogar og geometri av vatn

Gjennom åra har festivalen Borealis vore ein av BIT20 Ensemble sine viktigaste kunstnariske samarbeidspartnarar i byen, og saman har me presentert fleire konsertprogram med nye verk av levande komponistar. I år framførar BIT20 Ensemble eit spanande éin-times program med komposisjonar av Helena Tulve (Estland), Diana Soh (Singapore), Øyvind Torvund (Norge) og Hannah Kendall (Storbritannia) til konsertscena.

Mellom stille introspeksjon og mekanisk jubel bygger programmet på musikalske kontrastar og visar fram dei mange fasettane ved Bergens fremste samtidsmusikkensemble.

Med Helena Tulve sin Stream vert lyttaren introdusert for ein understraum av stille spenning, som til slutt kulminerer i det støyande stykket Neon Forest Space av Bergen sin eigen Øyvind Torvund. Diana Soh sitt verk Modicum (latin for «mål») inviterar lyttaren til refleksjon rundt instrumentalklangen sine kanta formar. Til slutt byr Hannah Kendall si ettertenksamme Even sweetness can scratch the throat på ein leiken avslutning for publikum, eit verk filtrert gjennom megafonar og radioeffektar.

Med sitt varierte repertoar framstår denne konserten som ein poetisk og kraftfull kulminasjon av musikalske idear, og rundar av Borealis-festivalen 2026.

Program

Helena Tulve Stream (14’)
Øyvind Torvund Neon Forest Space (13’)
Diana Soh Modicum (15’)
Hannah Kendall Even sweetness can scratch the throat (12’)

På scena

BIT20 Ensemble

Arena Bergen Internasjonale Kultursenter (BIKS)
Dato 15. mars
Konsert 15:00
Dørene opnar klokka 14.30

billettar

Presentert i samarbeid med festivalen Borealis.

Earlier Event: February 3
Andakt med BIT20 Ensemble i Nykirken
Later Event: June 5
Festspillene i Bergen