Ein hyllest til naturen med Yo-Yo Ma og marvaða
«Eg er redd me har gløymd at me er ein del av naturen, og kor endelaust knytte me er til kvarandre og planeta.»
Dét er ordene til Yo-Yo Ma, den verdskjente cellisten og ein av vår tids største musikarar. På Festspillene i 2027 kjem han til Grieghallen med konsertførestillinga Ritual, laga i samarbeid med kunstkollektivet marvaða med regissør Arnbjörg María Danielsen i spissen og komponist Viktor Orri Árnason.
På ei roterande dreiescene samlast Yo-Yo Ma og unge cellistar frå Festspillakademiet i Bergen. Dei er omgitt av musikarar frå BIT20 Ensemble, solistar og eit stort kor som framfører utdrag frå det norrøne gudediktet Voluspå, i tillegg til folkesongen Fagurt er í fjörðum og ein innleiande tekst av den islandske forfattaren Andri Snær Magnason.
Ritual er laga på Island som ein kunstnarisk respons på vår tids globale klimautfordringar, og til denne utgåven dirigerer BIT20 Ensembles Bjarni Frímann møtet mellom Yo-Yo Ma og dei bergenske utøvarane.
«Musikk, som all kultur, hjelper oss å forstå våre omgjevnader, kvarandre, og oss sjølv. Kultur hjelper oss å sjå føre oss ei betre framtid.» seier Yo-Yo Ma.
marvaða
Arnbjörg Maria Danielsen konsept, regi, scenografi
Ingibjörg Jara Sigurðardóttir scenografi
Viktor Orri Arnason musikk
Andri Snær Magnason tekst
Bjarni Frímann dirigent
Yo-Yo Ma cello
BIT20 Ensemble
Unge cellistar frå Festspillakademiet i Bergen
Bergen Private Gymnas kor
Håkon Matti Skrede kormeister

