Back to All Events

Trerettars på Wergeland

  • Wergeland Kulturarena 90 Kanalveien Bergen, Vestland, 5068 Norway (map)

BIT20 Ensemble disker opp til ein ny minifestival – denne gangen i NRK sine gamle lokaler på Wergeland Kulturarena. 

På fjorårets minifestival fylte me Marinehagen med eit nydeleg publikum, god mat, musikk som både overraska og fekk oss til å le høgt. No gjer me det ein gang til – berre annleis. 

BANZHA
Skjem bort sansane og nyt tre små, vegetariske rettar servert av Banzha medan godaste Bjarni Frímann presenterer meir enn eit snes urpremierar framført av BIT20 Ensemble. 

SAKTE, FALLENDE
Årets unge jazzmusikere og vinnarar av Jazzintro-prisen, kvartetten Sakte, Fallende beveger seg mellom ambient, hard støy, country og bossa. Dette skreiv musikkjournalist Audun Vinger etter konsert med jazzkvartetten: “Sakte, Fallende har et lekkert og medrivende sound som fikk ekstatisk mottakelse. Dette er et band jeg vil anbefale mange å booke.” Denne kvelden leiker dei seg på scena saman med BIT20 Ensemble. 

“Litt drøyt å kalle dem en sensasjon, men det var sannelig ikke langt unna.”
Audun Vinger om Sakte, Fallende

EVA PFITZENMAIER & SIGURD FISCHER OLSEN
Eva Pfitzenmaier og Sigurd Fischer Olsen har skrive eit nytt verk for akkurat denne kvelden. På scena står Eva Pfitzenmaier og BIT20 Ensemble.

AVGARDE
I år fyller Avgarde 20 år og me feirar dei med ein serie 2-minutts miniatyrverk frå komponistar på Vestlandet. Det vert store idear, pakka inn i små verk, framført av BIT20 Ensemble.

PÅ SCENA 
Bjarni Frímann dirigent 
BIT20 Ensemble 
Sakte, Fallende 
Eva Pfitzenmaier 

Banzha serverer noko å bita i frå Yunnan-provinsen i sørvest-Kina. 

Landmark-crewet rigger opp bar og champagneentusiast og frontfigur i DATAROCK, Fredrik Saroea, er kveldens mann bak disken og freister med bobler og anna brusande lesk.

Dørene opnar kl. 18.00
Konsertstart kl. 19.00
Konserten er ferdig ca klokka 22.00
Det vert to pausar i løpet av kvelden

Nærmaste bybanestopp
• Kristianborg (Linje 2): Under 2 minuttars gåavstand til Wergeland Kulturarena
• Wergeland (Linje 1): Ca 5–7 minuttars gåavstand til Wergeland Kulturarena

Earlier Event: October 11
State of the Art
Later Event: December 9
Julekonsert i Sardinen