Back to All Events

State of the Art

  • Salurinn Reykjavik Iceland (map)

BIT20 Ensemble på Island

Ensemblet BIT20 er truleg det mest uregjerlege barnet i nordisk samtidsmusikk. Sidan ensemblet vart skipa i Bergen i 1989 for å røske opp i stemninga rundt ny musikk, har dei iherdig tinga og urframført ny musikk av både verdskjende og ukjende komponistar, norske og utanlandske, og samarbeidd med ikkje så reint få tungvektarar i bransjen. No gjer dei strandhogg i Kópavogur og opptrer på State of the Art, med Bjarni Frímann ved roret.

Bjarni vart fødd same år som BIT20 og er nyleg utnemnd til kunstnarisk leiar for ensemblet. Sidan han tok over, har ensemblet vunne den eine sigeren etter den andre, med fulle hus både blant publikum og kritikarane. På scena slår unge musikarar lag med hardbarka veteranar som har klatra over gjerda sidan 1989.

På State of the Art serverer BIT20 eit bugnande bord av nordisk samtidsmusikk som spenner frå sylkvass pling-plong-musikk til det heilt uventa. Det blir punk-urframføring. Ein islandsk avstikkar. Atli Heimir dukkar opp? Og sjølvsagt verk ensemblet sjølv har tinga og gjort udøyelege. Og noko er det best å ikkje seie for mykje om før konserten.

Utrøyttelege og eventyrlystne nordmenn – og vår mann Bjarni ved roret. Ikkje gå glipp av dette, og slepp å sitje med unnskyldningar i juleselskapet.

BIT20 Ensemble
Bjarni Frímann
dirigent

Arena Salurinn
Dato
10. oktober
Konsert
17:00