Back to All Events

Festspillene i Bergen

  • BIT20 Ensemble Korskirken Bergen Norway (map)

Tilbake til musikkhistoria si framtid

Medan Bergen er på sitt vakraste og me er midt i Festspillene i Bergen inntek BIT20 Ensemble scena i Korskirken saman med fiolinist Olga Melby Larsson frå Laksevåg. På programmet står nokon av dei største namna frå musikkhistorien, samt nye namn frå nolevande komponistar.  

Dei norske komponistane Jonas Skaarud (1990–) og Martin Hirsti-Kvam (1991–) er ein del av  Festspillakademiets mentorprogram Premiere og presenterer kvar sin urpremiere denne sommarkvelden. Inspirasjonen kjem mellom anna frå Robert Schumann (1810–1856) og Marc-Antoine Charpentier (1643–1704) som og er ein del av konsertprogrammet.  
 
BIT20 Ensemble sin kunstnariske leiar, Bjarni Frímann, er dirigent og bind saman eit repertoar som ser både bakover og framover i tid.  

Konserten vert avslutta av festspelene sin Artist in Residence, finske Esa-Pekka Salonen (1958–) med hans verk Fog.  Fog vart skrive til den kanadiske arkitekten Frank Gehry sin 90 års dag og peiker både til Gehry sine avantgarde bygg, og Bach (1685–1750) sitt preludium i E-dur som vert spelt i førekant av Fog. 

Program 

Johann Sebastian Bach Befiehl du deine Wege, BWV 272, arr. Hans Abrahamsen  
Jonas Skaarud which is not reluctant, or of it is, it is no longer important (urframføring) 
Robert Schumann Frå Fiolinkonsert i d-moll, WoO 23 2. Langsam med solist Olga Melby Larsson  
Martin Hirsti-Kvam La Petite Cathédrale for sinfonietta (urframføring) 
Marc-Antoine Charpentier Frå Le Reniement de Sant Pierre, H 424 
3. Tunc respexit Jesus Petrum 
Martin Hirsti-Kvam Four Part Motet 
Johann Sebastian Bach Frå Partita for fiolin nr 3 i E-dur, BWV 1006 
1. Preludio med solist Olga Melby Larsson 
Esa-Pekka Salonen Fog 

På scena 

BIT20 Ensemble 
Bjarni Frímann dirigent 
Olga Melby Larsson fiolin 

Arena Korskirken 
Dato 5. juni 
Konsertstart 19:00 

Billettar

Konserten er eit samarbeid mellom Festspillene i Bergen og BIT20 Ensemble med støtte frå Sparebankstiftelsen DNB og Talent Norge

Earlier Event: October 31
Trerettars på Marinehagen