Back to All Events

Sommarskule med Festspillene i Bergen og BIT20 Ensemble


  • BIT20 Ensemble Fana Kulturhus Bergen Norway (map)

KREATIV SOMMARSKULE

Er du mellom 10 år og 15 år og interessert i musikk eller visuell kunst?

Bli med på Festspillene og BIT20 Ensemble si kreative sommarskule i Fana Kulturhus. Over ei veke skal me eksperimentera og utfordra vår eige kreativitet. Alt me lagar skal utviklast saman og skapast frå botn. 

Korleis kan lyd settast saman til eit musikalsk uttrykk? Korleis kan me skapa visuelle kunstuttrykk som bilete og skulpturar med ulike materialar og objekt? På denne sommarskulen skal me leka med lyd- og kunstuttrykk du kanskje ikkje kjennar frå før.

Om du syng, speler instrument, er interessert i musikkteknologi eller er fascinert av visuell kunst, kan dette vera noko for deg.

Me deler oss i tre grupper med 8 deltakarar i kvar. I påmeldingsskjemaet rangerer du kva gruppe du ynskjer å vera med i.

gruppeleiar

Håkon Skjæret

Instrument- og vokalgruppe (full)

  • For deg som syng eller spelar eit instrument (Obs. Ta med eige instrument) 

  • Me eksperimenterer med nye måtar å skapa lyd på, og kombinera desse

  • På denne gruppa må du ha noko kunnskap i å spela instrument eller stemmebruk

Gruppeleiar yngvill hopen

Visuell gruppe

  • Me lærer å tenke kreativt og fortella historiar uten ord

  • Me lærar om form, farge og komposisjon, og korleis me vert påverka av det me ser rundt oss

  • Turdag for å samla materialar og fotografera

  • Ingen forkunnskapar er nødvendig

 

Gruppeleiar Trond Madsen

Musikkteknologisk gruppe

  • Me lærer å bruka digitale verktøy for lydopptak, miksing, komponering og arrangering

  • Med utgangspunkt i appen BITWaves gjer me opptak av lydar og manipulerer dei til eit heilhetleg kunstuttrykk

  • Me lærer korleis me kan kopla musikkanlegg og bruka mikrofoner til kreativt lydarbeid

  • Sommarskulen stillar med iPads og hodetelefonar

  • Ingen forkunnskapar er nødvendig

  • Bli kjent med og last ned appen BITWaves her: BITWaves


Alle gruppene vil ha fokus på kreativitet, eksperimentelt uttrykk og samskaping.   

Sommarskulen serverer eit enkelt brødmåltid til lunsj kvar dag. 

Stad: Fana Kulturhus
Når: 29. juni - 3. juli
Klokkeslett: 10.00 - 15.00
Framsyning: 14.00
Me ynskjer familie og vener velkomen til framsyning på Fana kulturhus 3. juli klokka 14.00. Visninga er gratis og varer i underkant av ein time.

  • Kurset er for deg fødd mellom 2011–2016

  • Du må kunne stilla alle fem dagar

  • Du kan jobba både sjølvstendig og i gruppe 

Deltakaravgift: kr. 459,-* 
*Barn frå familiar med økonomiske utfordringar kan delta utan å betala deltakaravgift.

Kontakt hakon@bit20.no for å høyra om friplass eller viss du har andre spørsmål.

Earlier Event: June 5
Festspillene i Bergen